Foto: Jan Fekjan

Om dialektane

Her ser de eit utval tekstar om det tradisjonelle talemålet i Numedal. Nokon av artiklane er vitskaplege medan andre er lettare introduksjonar. Dei omhandlar heile dalen eller konsentrerer seg om ei bygd eller ein del av dalen. 

Talemålet i Nore og Uvdal

Lidvard Hytta skreiv kapittelet i Bygdehistoria (1995) om dialekten i Nore og Uvdal. Her er står det òg litt om målet i Dagali og Sør-Skurdalen. 

Les meir

Rollagmålet

Even Tråen gav ut heftet 'Rollagmålet' i 1997 - ei omarbeidd versjon av særemnet han hadde skrive ved Telemark lærarhøgskule tjue år tidlegare. Dette heftet er fagleg grundig og lettfatteleg.

Les meir

Flesberg-Maalet

Tov Flatin gav ut skriftet 'Flesberg-Maalet' på serien Norske Maalføre. Denne andreutgåva kom i 1923.

Les meir
Deathto Stock Wired4

Kort notat om målet i Tunhovd

Lidvard Hytta skreiv dette korte notatet om tunhovdsmålet for oss i samband med planleggjinga av nettsida Numedalsmål.

Les meir

Artikkel om Numedalsmålet

I tillegg til standardverket frå 1949 skreiv Ingeborg Hoff ein kortare og lettare artikkel om Numedalsmålet med tittelen 'Utsyn over Numedalsmålet' i Norges Bygder : Numedal, utgjeve i 1953.

Les meir
Img 0484

Det vitskaplege standardverket om Numedalsmålet

Denne vitskaplege avhandlinga med tittelen 'Numedalsmålet : Stutt umrit av ljod- og formlære' av Ingeborg Hoff frå 1949 er ei grundig og akademisk gjennomgang av dialektane i dalen. Sjå dei andre artiklane for lettare tilgjengelege og meir folkelege framstillingar.

Les meir

Numedalsmålet - ein arv i ord og namn

Johan Anthon Schulze skreiv òg ei kort og lettare tilgjengeleg bok om Numedalsmålet i 1993.

Les meir

Austlandsmål i endring : dialektar, nynorsk og språkhaldningar på indre Austlandet

Denne boka er ei artikkelsamling frå 1999. Ein av artiklane er skrive av Eric Papazian og handlar om språkutviklinga i Numedal i dag.

Les meir

Norske bygdemaal

I 1907 gav Hans Ross ut ei bok i serien 'Norske bygdemaal'. Eit av kapitla handlar om "Oust-telemaal o numedalsmaal".

Les meir

Avhandling om austnorsk jamning (inklusive Numedal)

Boka til Johan Anthon Schulze frå 1972 'Eit eldre jamningstilhøve i vest-vikversk' jamfører eldre jamning på -å i mellom anna Numedal og Aust-Telemark. Denne boka er vitskapleg tung på eitt isolert tema og er truleg mest for spesielt interesserte eller fagfolk. 

Les meir

Kva mål høver best i Numedal?

Dette heftet utgjeve av Noregs mållag i 1957 viser kor mykje nærare det tradisjonelle numedalsmålet er nynorsken enn bokmålet.

Les meir