Dialektnettside for Numedal

Velkomen til Numedalsmål! Her kan du boltre deg i dialekt. Me har samla dialektord og -uttrykk frå heile dalen. Vel bygd og kos deg!  
I skjemaet nede til høgre kan du sjølv foreslå ord. Du kan òg lese artiklar om talemålet og stoff på dialekt. For meir informasjon om sida - sjå under.

Foto: Johan Brun

Velkomen

Velkomen


Velkomen til dialektnettsida til Numedal mållag! 

Denne nettsida er i utvikling og det vil koma til meir innhald etter kvart. 

Her følgjer ein liten introduksjon til sida.


Ordboka

Denne sida har ei ordbok som er oppdelt på dei ulike bygdene. Du kan bla eller søkje etter ord og uttrykk på grunnlag av bokstav, tema og ordklassse. Stadnamn har eit kart som viser nøyaktig plassering, og mange ord har lydfil som viser uttale og eksempel på bruk i setning. Nokon ord har foto, tilleggsinformasjon og grammatikalsk bøyingsskjema. Det er ordboksredaksjonar med flinke dialektkjennarar for kvar bygd som kvalitetssikrar og legg inn ord. Ordboka skal halde eit høgt nivå, men me har ikkje ei vitskapleg tilnærming og nyttar m.a. det vanlege latinske alfabetet for å vise uttale og ikkje fonetisk lydskrift. Det einaste spesialteiknet me nyttar er stor "L" for å vise uttale av tjukk l. For å bøte på forenklinga som ligg i det å nytte det vanlege alfabetet som lydskrift brukar me ofte lydfil. Ingen ting viser uttala så godt som det. Dersom du har framlegg om eit dialektord som me manglar kan du gjerne bruke forslagsskjemaet her på sida. Om det er tale om mange ord kan dei sendast til oss samla på e-post eller vanleg post. Sjå adresse heilt nederst på sida eller under 'Om oss'.


På dialekt

På undersida 'På dialekt' har me samla smakebitar av tekst på eller lydopptak av dialekt. Når du kjem inn på sida ser du materiale frå alle bygdene, men du kan sjå det som berre er frå di bygd ved å trykkje på ein av bygdeknappane.


Om dialektane

På undersida 'Om dialektane' finn du ei samling artiklar og tekstar om talemåla i Numedal. Her finn du full oversikt over formverk og grammatikk. Nokre av tekstane handlar om heile dalen - andre om berre ei bygd. Nokre av tekstane er vitskaplege og litt tunge - medan andre er meir populære og litt lettare å lesa. Dei fleste av artiklane er digitaliserte av Nasjonalbiblioteket og me lenkar oss ofte opp mot desse.


Leik og lær

På undersida 'Leik og lær' er det oppgåver og quiz'ar for moro skuld og for å lære meir om numedalsmålet.  


For meir utdjupande informasjon - sjå under 'Om oss'.



Du Numedal, du vene, med fagre fjell og fjord.
Frå Kongsberg ytst i dalen til vidda imot nord.
Eg ingin andre stadir kann liva glad og sæl.
I heile vide verdi, det kjenner eg so vel.


Solengje Lògen logne igjennom dalen renn.
Og fossen dyn og dunar utover bygd og grend,
skal fedre-åndi stråle som sol frå høge hall,
og vigsla onn og yrkje i nye Numedal.


Frå Numedalssongen, Tov Flatin

Foreslå eit ord

Ver med å samle inn dialektord frå Numedal. Registrer ordet i skjemaet under og me legg det inn i ordboka når det er godkjent. Større mengde ord kan sendast i post eller på e-post.

Obligatorisk info
Obligatorisk info