Om nettsida Numedalsmål


Innhald

1. Kvifor dialekt?
2. Kvifor nynorsk?
3. Merknader om ordboka
4. Historia til prosjektet
5. Arbeidsgruppene
6. Eldre ordsamlingar og kjelder


1 - Kvifor dialekt?

Det tradisjonelle talemålet i Numedal er ein uerstatteleg kulturarv. Det er like mykje verdt som dei materielle kulturminna alle legg vinn på å verne om. Språk er ikkje berre eit nøytralt instrument til å kommunisere med. Det er forma av samfunnet før oss og ber i seg kultur og idear. Språket formar oss. Dialekt handlar for oss om identitet; - kven me er, og kor me kjem frå. Dialekten gjev fellesskap mellom dei som lever no, og er eit band mellom oss og forfedrane våre. Han er ein liten bete av Noregs og verdas språklege mangfald.

Sjølv om språk alltid er i utvikling har kontinuiteten vore stor. Allereie før svartedauden var det visse dialektskilje i Noreg. Mange særmerkje i numedalsdialekten er ein arv frå gamalnorsk. Språkforskaren Marius Hægstad meinte å ha funne numedalske dialekttrekk allereie i eit brev skrive i Skien i 1320-åra. Forfattaren hadde nytta formene ”dannan” og ”dassan” og Hægstad meinte difor at brevskrivaren måtte ha vore frå Numedal.

Språkforskar Eric Papazian har vist at numedalsdialekten er den austnorske dialekten som er hardast pressa, og som truleg er døyande. Etter vårt syn er dette ikkje tale om vanleg utvikling av talemålet, men ei omvelting der det tradisjonelle språket stend i fare for å forsvinne heilt. Me veit ikkje om me klarar å hindre dette, men me vil gjera det me kan for å motverke den katastrofale dialektdøden i Numedal. Denne dialektnettsida har som mål å dokumentere, formidle og fremje bruk av og kunnskap om numedalsdialektane.

Me let dette avsnittet avsluttast med to sitat av ein landskjent nesten-numedøl. Språkprofessor Alexander Seippel – som omsette storparten av den fyrste landsmålsbibelen – budde ei tid i Flesberg (1891–1907). Han lika svært dårleg at bygdefolket knota. Ein gong trefte han ein flesberging som kunne fortelje at ”Plommene koster tyve øre på torvet i dag”. Seippel svara arg ”Det ska vera tjuge, det!”. Seippel skal òg ha helde føredrag i Numedal der han sa at ”Den som hev so godt eit maal som Numedalsmaalet og so vrakar det og tek bymaalet i staden, han vil eg likne med ei jente som hev ervt ei ven gamal sylgje etter mor si, og so byter ho burt fyr ei massingbrosje med ein uekte stein i.” 

For meir om dialektane i dalen, sjå ’Om dialektane’.


2 - Kvifor nynorsk?

Det er ingen tvil om at dialekten i Numedal ligg mykje nærare nynorsken enn bokmålet. Nynorsk er den mest heilnorske målforma i landet vårt, sjølv om den fornorska dansken (bokmålet) er den mest utbreidde. Nynorsken vart bygd på fellestrekka til  dei norske dialektane, med vekt på dei elementa som stamma frå gamalnorsk og som framleis var i munnleg bruk. Ivar Aasen var på samlarferder rundt i nesten heile landet. I 1855 var han her i Numedal. Det har vore nynorske skulekrinsar både i Flesberg, Rollag og Uvdal. I tillegg er dei fleste bøkene om lokal historie og folkeminne skrivi på nynorsk. I 2002 vart diverre den siste nynorske skulekrinsen i Numedal nedlagd (Rollag), men framleis fær alle elevar undervisning i nynorsk som sidemål. Nynorsken viser seg både gjennom nyutgjevne lokale bøker og av og til i lokale blad og aviser. Denne nettsida om numedalsdialekten vart til etter initiativ frå Numedal mållag, og særleg utan pengestøtta frå Buskerud mållag hadde ikkje prosjektet vorte realisert. Soleis vitnar nettsida om målrørsla sitt engasjement for både nynorsk og dialekt. Utan nynorskglade målmenn hadde det ikkje vorte noko dialektside. Me seier som målrørsla har sagt i fleire år: Snakk dialekt – skriv nynorsk! Samstundes er me glade for alle allierte bokmålsbrukarar som er glade i numedalsdialekten og/eller brukar dialekten aktivt. Denne nettsida er for alle dialektinteresserte.


3 - Merknader om ordboka 

Sjølv om ordboka skal halde eit høgt nivå har me ikkje ei vitskapleg tilnærming. Me nyttar det vanlege latinske alfabetet for å vise uttale og ikkje fonetisk lydskrift. Det einaste spesialteiknet me nyttar er stor ”L” for å vise uttale av tjukk l. Me nyttar heller ikkje aksentar for å markere trykk eller liknande. Grunnen til at me må halde det enkelt er at me som fyller innhaldet i sida ikkje er lingvistar, og me trur òg at dei fleste som vil koma innom sida heller ikkje er språkekspertar. For å bøte på forenklinga som ligg i det å nytte det vanlege alfabetet som lydskrift brukar me ofte lydfil for å vise uttala. 

Det kan vera vanskeleg å finne rett bokstav for mange lydar. Til dømes om uttala av ”kjem” i Uvdal skal skrivast som ”kjæm” eller ”kjem”, sjølv om ikkje det er full æ-lyd meinte den lokale arbeidsgruppa at uttalelyden låg nærare æ enn e. Sjølv om me har laga eit sett med skrivereglar for uttale så må me be om orsaking for at det sikkert kjem til å vera litt inkonsekvens i skrivemåten; særleg mellom dei ulike bygdene som har ulike arbeidsgrupper.

Det er arbeidsgrupper med flinke dialektkjennarar for kvar bygd som kvalitetssikrar og legg inn ord. Desse er utnemnde av styret i Numedal mållag, men dei treng ikkje vera medlemmar av laget. Innhaldet i ordboka til dei ulike bygdene er avhengig av deira trufaste arbeid.

Ord innanfor utvalde ordklasser har skjema som kan fyllast ut for å vise grammatikalsk bøying. Dette er sjølvsagt viktig fordi ein del ord til dømes kan vera like normert norsk i infinitiv, men skilje seg klart ut i bøygd form, t.d. ein dag – fleire døgø. Berre ord som skil seg tydeleg (i form eller innhald) frå normert norsk skal vera med i ordboka.


4 - Historia til prosjektet

Tankane om ei nettside har sin bakgrunn i dialektarbeidet til Rollag mållag. (Numedal mållag frå 2014). Mellom anna var det heilt frå 2007 planar om samle inn ord frå heile dalen i samband med ei tenkt dialektspalte i lokalavisa. Denne skulle ha namnet ”Numedalsmålet”. Fleire eldre dialektsamlingar var innsamla. Prosjektet var tenkt å ende i utgjeving av ei dialektordbok. I samband med dette vart det danna ei arbeidsgruppe med dialektengasjerte frå heile dalen. Frå 2014 kom det framlegg om at ordboka skulle koma både på nett og papir, men fokuset gjekk gradvis meir over på arbeidet med å lage ei nettside. Fyrst frå 2015 fekk arbeidet med nettsida fastare form. 

Mange timar er nytta på å planleggje sida i tillegg til det vanlege lokallagsarbeidet. Me har sendt hundrevis med e-brev. Me har nytta god tid til å innhente tilbod frå ulike nettsidemakarar, og hadde mellom anna to tilbodsrundar, og kontakta i tillegg utvalde firma som verka særleg aktuelle. Me reiste på møte med ulike bedrifter i Oslo og Drammen, men til sjuande og sist fall me ned på eit selskap med lokal tilknyting. Attåt dette arbeidet måtte styret arbeide med å planleggje korleis nettsida skulle sjå ut, kva ho skulle innehalde, og korleis arbeidet med å fylle ho med innhald skulle gå føre seg. Her var det ofte høgt engasjement og til tider høglydt ordskifte. Men me fekk til slutt laga - og revidert, og nyrevidert eit utal gonger - både ei detaljert skisse for nettsida, reglar for kva ord me skulle ha med i ordboka, skrivereglar, grunnreglar, bruksrettleiingar, og søknadar om pengar i aust og vest. Deretter kom arbeidet med opplæring av lokale arbeidsgrupper for kvar bygd som stend for det viktigaste arbeidet når det gjeld ordboka: - å fylle henne med innhald. Her naut ein godt av nettverksbygginga som laget hadde drivi med tidlegare på 2000-talet.


5 - Arbeidsgruppene

Det er sett ned arbeidsgrupper for kvar bygd med ein ansvarleg skrivar. Arbeidsgruppene legg inn dialektord og syter for kvalitetssikring for deira egen bygd. Arbeidsgruppene har følgjande medlemer:

Arbeidsgruppe Uvdal 

Lars Livrud, Gunhild Brun, Vidar Imingen, Sigrid Huseby, Marit Angeltvedt, Ragnhild Tveiten, Arvid Brun †

Arbeidsgruppe Nore 

Torkel Wetterhus, Gunlaug Tråseviken, Målfrid Blaavarp Bergstøl, Magnhild Blaavarp, Halvor Lesteberg, Anne Kravik, Lars Jacobsen, Svein Sporan, Anne Lise Hovd, Gunvor Kravik, Åsta Skarpås, Sigrun Blaavarp Heimdal

Arbeidsgruppe Veggli 

 Åsne Bergset, Liv Hagen, Peder Toeneiet, Torstein Toeneiet, Jenny Tveiten, Reiar Tveiten, Gunvor Bogstrand, Tore Bogstrand, Gunhild Torsrud, Petter Tveiten †

Arbeidsgruppe Rollag 

Gunhild Aasen, Asbjørn Skarpmoen, Inga Bergan, Sigurd Fjøse, Ragnhild Hov †

Arbeidsgruppe Flesberg 

Bjarne Bratås, Jan Fekjan, Jan H. Lislien, Sigurd Vinger, Helga Bratås, Kristin Baalerud


6 - Eldre ordsamlingar og kjelder

Her ser det nokre av dei eldre ordsamlingane og personar me har nytta som kjelder og rådgjevarar ved sidan av arbeidsgruppene: Dialektsamlinga til Gunnar Landsgård, Dialektord ved Nore og Uvdal Dialektlag, Dialektord: Uvdal pensjonistforening, Gamalt Rollagsmål: Torstein Torsrud, Gamle ord og uttrykk, Rollag og Veggli: Ola Toen, Ord og uttrykk frå Rollag: Innsamla av Are Lage Breivoll, Dagfinn Herland, Ola Toen og elevar ved Rollag skule, 1980; Rollag Målet: Even Tråen, Ordsamling: Helga Fønnebø Hagevik, Lars-Erik Jakobsen, Ingebjørg og Agnes Henriksen, Helga Hov, Per Torsrud, Margit Hvammen Karlsen.

 

Kjelder til kapittel '1 - Kvifor dialekt?'

Lande, A. m. fl. (2001), Sjønna på Elbursfjell : Alexander Seippel - livet og livsverket, s. 78. 
Tråen, E. (1997), Rollagmålet, s. 7.
Vikør, L.S. (1999), ”Austlandsmål i endring” i boka med same namn, s. 38.
Vinger, S. (1990), Flesberg-boka : bustad og ætt. B. 2, s. 138.

Takk til våre støttespelarar

Buskerud mållag
Flesberg kommune
Nore og Uvdal dialektlag
Nore og Uvdal kommune
Noregs mållag
Rollag kommune


Den fyrste song

Den fyrste song eg høyra fekk,
var mor sin song ved vogga;
dei mjuke ord til hjarta gjekk,
dei kunde gråten stogga


Dei sulla meg so underleg,
so stilt og mjukt te sova;
dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova


Frå Den fyrste song av Per Sivle


Fjell-Norig

Du salme i skogen, der vindsus syng
kvar linnvêrs natt,
du helsing frå villmark og végras og lyng −
stødt kjem du att.
Frå brisken den beiske og fine og stride,
frå fjellheim og viggur og vindheimar vide
kjem du, mitt hjarta til sorg og til trøyst,
du Fjell-Norigs inste, upphavlege røyst.


Du gufs av det norske, du ånd ifrå fjell −
di klage er mi.
Um ingen deg høyrer, eg høyrer deg lel,
og veit kva du lid.
Dei runer som gudgjevne her berre ljomar,
dei lengslur som her einast skin og ber blomar
ved aurgamal ile som her berre vell −
dei er det du syng um, du vindsus i fjell.


Du høyrest av dine ved dag og ved natt,
du utesus.
Um folket ditt svik deg, kom sterkare att −
fyll vårt hus!
Å døyp oss i vårdagars dom over døden,
til kveik att på nytt av den norrøne mjøden, −
du gufs frå det høge som her vil bli storm;
lyft elden vår eigen, i ånd og i form!


Du fengje vårt inste og føre oss dit
som lengslune gjeng!
Det tindrar av bjørk, og det lyser av kvit
skogstjerne-eng − −
Det tek som når tora og storskri’u rullar,
det møter med barndom og bestemorsullar,
med fimleik og avle og urtids vin, −
og langleite blånar, og høgfjell skin!


Di klage forklagar oss, klumsa eg stend, −
gjev tol, gjev tol!
Din djupaste løyndom er liv lage enn:
du skapte vårt mål.
Og du einast difor er etter vårt ynde:
vår lengting og lagnad, vårt lende og lynde,
det talar du ut um, og sjølve vårt kall
kann den lyde ut som er heilt i ditt vald.


Dei menn som um Fjell-Norig endå held vakt,
dei kjenner deg vel.
Alt folket skal eingong med glans av di makt,
med midtsamla sjel,
sin heimvegen velja og livsvoni vinne,
og tavlun’ i graset då att skal me finne −
og då skal vår folkeånd gjeste sitt folk
og Fjell-Norig fagne sin fulltrugne tolk.


Olav Aukrust


Tord Foleson

Og gamla Soga,
ho segjer so,
at Tord han stupa,
men Merket det stod.
Og soleis maa enno
Mannen gjera,
skal Framgongs-Merke
i Noreg han bera.


Mannen kan siga,
men Merket det maa
i Noreg si Jord
som paa Stiklestad staa.
Og det er det stora,
og det er det glupa,
at Merket det stend,
um Mannen han stupa.


Frå Tord Foleson av Per Sivle